Må det vere kø og kaos?

Det er varsla enda meir kø og kaos på vegene frå Sotra og Askøy frå desember av.
For å slippe dette kan det vere klokt å planlegge betre og satse på «kompiskøyring». Vi har klippet frå nyheitsbrev til Fylkeskommunen. Dei har funne tal som også gjeld Askøy, vil vi tru.

Ni av ti køyrer aleine

Eit av dei mest interessante funna er kor mykje ledig plass det faktisk er i bilane som køyrer over brua. Rundt 90 prosent av bilane i rushtida har berre føraren om bord. Det gir minst 7 500 ledige sete i privatbilane som køyrer mot Bergen mellom klokka 06 og 09.

Samtidig skal det ikkje mykje til før brua held seg under det tettaste trafikknivået, altså det punktet der det blir kø. På dagar med rundt 13 prosent mindre trafikk enn ein vanleg kvardag, vart det ikkje kø i det heile. Om heile denne skilnaden hadde kome frå færre åleinekøyrande privatbilar, tilsvarar det at rundt 18 prosent av bilistane i morgonrushet hadde teke bussen eller sete på med nokon andre.

— Her ligg det eit stort potensial. Når ni av ti bilar berre har sjåføren om bord, betyr det at svært mange reiser med mykje ledig plass. Om berre ein liten del av desse hadde tatt bussen eller køyrt saman med andre, ville det merkast godt på køen, seier Sigmund Kristoffer Solberg, senioringeniør i Vestland fylkeskommune.

Bussen fraktar 30 prosent av dei reisande

Mellom klokka 06 og 09 reiser rundt 4 000 personar over brua mot Bergen i privatbil eller buss. Av desse tek rundt 1 200 bussen. Bussane utgjer berre rundt to prosent av køyretøya på brua, men fraktar likevel rundt 30 prosent av dei som reiser. Reknar ein med all trafikk, også yrkes- og anleggstrafikken, utgjer bussen rundt 25 prosent av dei reisande. På ettermiddagen mot Sotra er fordelinga nesten den same.

Målt i kor mange kilometer køyretøya tek opp av vegen, er skilnaden tydeleg: éin buss tek meir plass enn éin bil, men fraktar langt fleire menneske. Per meter veg fraktar bussen rundt åtte til ti gonger så mange personar som ein personbil. Om alle bilane i morgonrushet hadde stått på rekkje, ville dei dekt rundt 18 kilometer veg, medan bussane berre treng rundt 1 kilometer for å frakte sine passasjerar.

Kvifor er dette viktig?

Målet med prosjektet har vore å få betre innsikt i køyretøytypar, tungtrafikk, næringstrafikk og andre som ferdast på vegen.

— Denne kunnskapen gir fylkeskommunen eit betre grunnlag for å planleggje vegarbeid, kollektivtilbod og andre tiltak som påverkar trafikkflyten over Sotrabrua. Eit eksempel er Bergen Havn, som planlegg å flytte verksemda frå Dokken i Bergen til Ågotnes på Sotra. Då kan det vere nyttig å vite kvar tungtrafikken går mot Sotra i dag, og korleis han endrar seg framover, seier Solberg.

— Bilistar kan også bruke informasjonen til å leggje reisa utanom dei tettaste tidspunkta, eller vurdere om bussen, som går omtrent kvart tredje minutt i rushtida, kan vere eit alternativ nokre dagar i veka.

Tala er henta frå kamerabasert trafikkteljing på vestsida av Sotrabrua. Dei stemmer med Statens vegvesen sine eigne målingar, innanfor rundt to prosent. Talet på personar per bil er ikkje målt direkte på brua, men henta frå den nasjonale reisevaneundersøkinga, som kartlegg korleis folk reiser i Noreg.