Fylkesutvalget sier nei til Kildn

Publisert av: Åge Rosnes Publisert: 26. november 2024
Oppdatert: 26. november 2024
Lesetid: ca. 2 min

Fylkesutvalget i Vestland behandlet 26.11.24 sak om å gi uttalelse til Askøy kommunens forslag til ny arealplan (KPA). Her kan du lese vedtaket som omhandler Kildn:

Nytt pkt. 8 (Hamneformål)
Nytt pkt. 8: Arealføremålet NV_17 Kildn er foreslått som snuhamn og omstigingshamn for lokal, regional, nasjonal og kysttrafikk. Hamneføremålet er ikkje tilstrekkeleg utgreidd i høve til samfunnsmessige konsekvensar knytt til samferdsel og senterstruktur.

Særleg gjeld dette konsekvensane av Fjordmetro-konseptet som ligg som ein føresetnad for hamneprosjektet “Kildn”. Dette er ikkje innarbeidd i Regional Transportplan eller sett i samanheng med transportplanen for Bergensområdet. Samstundes er det ei stor risiko for at fylkeskommunen vil få monaleg auka utgiftar knytt til drift av hurtigbåtar i Fjordmetro-systemet.

Konsekvensar for miljø viser at føreslått areal legg beslag på deler av tre kartlagde friluftsområde og vil hindre ålmenta si tilgang til strandsona og utøving av friluftsliv. Området inneheld større areal med myr og kystlynghei med svært stor verdi og det er fem raudlista artar registrert i området. Samstundes legg fylkesutvalet merke til at initiativtakarane bak “Kildn” har revidert sitt eige forslag med mindre beslag av natur.

Det er usikkerheit knytt til konsekvensane av “Kildn” for fylkesvegnettet. Vi legg merke til at initiativtakarane skal byggje tunnel av beredskapsmessige årsakar, ikkje for dagleg trafikk. Arealbruksendringa kan føre til krav om investeringar knytt til planlegging, prosjektering og utbetring av fylkesvegnettet frå fv. 5248 Skiftesvikvegen, vidare mot fv. 5246 Follesevegen og ved rundkøyring fv. 562 Ravnangervegen mot Askøybrua. Å leggje til rette for plangrep som kan føre til store kostnader på fylkesveg utan at dette er tilstrekkeleg utgreidd, finansiert og avklart med fylkeskommunen, vil vere i strid med overordna politiske føringar.

Arealbruksendringa er ikkje forankra i overordna regionale planar, og er i strid med regional transportplan og regional plan for attraktive senter. Dei økonomiske konsekvensane for Vestland fylkeskommune er heller ikkje utgreidd. Det er særleg konsekvensane for transportsystemet i Bergensområdet som ikkje er forankra eller utgreidd i regionale planar eller i fylkeskommunen. Det vil også truleg gje behov for store investeringar og kostnader for fylkeskommunen. Fylkesutvalet fremjar motsegn til forslag om etablering av regional hamn NV_17 Kildn.

Fylkesutvalet vil ikkje opne for hamneformål i området i planen no, og meiner det skal bevarast som LNFR-område. Det kan vere mogleg å sjå på mogleg omregulering i ei framtidig KPA, forutsett at formålet er forankra i regionale planar (t.d mogleg framtidig transportplan) og overordna hamnestruktur i Bergensområdet (t.d dialog med Bergen Havn), basert på trafikkanalysar, dialog med nabokommunar, einigheit med fylkeskommunen og etter overordna konsekvensutgreiingar.