Kordan ivareta bussjåførane?

Alexander Papas er SV sitt medlem i Utval for samferdsle og mobilitet i fylkeskommunen.
Han har fått med seg fleire innlegg og oppslag i media om sjåfører som ikkje opplever arbeidskvardagen som god. Fleire har slutta i jobben.

Dette spør han om i møtet 13. oktober.

Bakgrunn

I eit debattinnlegg i BT 5. oktober fortel tidlegare bussjåfør Sebastian Myrvoll at han har vald å slutta etter fleire år i Tide. Han peikar mellom anna på delte skift, pressa køyretider, lite tid til pausar og toalettbesøk, og manglande ivaretaking. Innlegget reiser spørsmål om arbeidskvardagen til bussjåførane og kva rolle fylkeskommunen har i å gje folk eit godt kollektivtilbod, samstundes som ein tek i vare dei mange sjåførane som får det heile til å gå rundt.

Spørsmål

  • Korleis sikrar fylkeskommunen v/Skyss at rutetabellar og krav til operatørane også gjev sjåførane ein god arbeidskvardag?
  • Er fylkeskommunen kjend med dei utfordringane bussjåførane møter i arbeidskvardagen sin, og korleis blir det arbeidd med dette?
  • Kva meiner fylkesadministrasjonen er dei viktigaste grepa for å rekruttera og behalda bussjåførar framover?