Nå foreligger Vestland fylke sit forslag til uttale om KPA i Askøy. Her får Kildn det glatte lag. Askøy SV sine merknader og motstand mot Cruisehavnen får her full faglig og administrativ støtte. Saken skal behandles i fylkesutvalget 25.11. Her er punktet i uttalen som omhandler Kildn:
Arealføremålet NV_17 Kildn er foreslått som snuhamn og omstigingshamn for lokal, regional, nasjonal og kysttrafikk. Hamneføremålet er ikkje tilstrekkeleg utgreidd i høve til samfunnsmessige konsekvensar knytt til samferdsel og senterstruktur.
Konsekvensar for miljø viser at føreslått areal legg beslag på deler av tre kartlagde friluftsområde og vil hindre ålmenta si tilgang til strandsona og utøving av friluftsliv. Området inneheld større areal med myr og kystlynghei med svært stor verdi og det er fem raudlista artar registrert i området.
Arealbruksendringa vil føre til krav om store investeringar knytt til planlegging, prosjektering og utbetring av fylkesvegnettet frå fv. 5248 Skiftesvikvegen, vidare mot fv. 5246 Follesevegen og ved rundkøyring fv. 562 Ravnangervegen mot Askøybrua. Å leggje til rette for plangrep som vil føre til store kostnader på fylkesveg utan at dette er tilstrekkeleg utgreidd, finansiert og avklart med fylkeskommunen, vil vere i strid med overordna politiske føringar.
Arealbruksendringa er ikkje forankra i overordna regionale planar, og er i strid med regional plan for klima og regional plan for attraktive senter. Tiltaket vil ha store negative konsekvensar for friluftsliv og for fylkesvegnettet. Det vil også gje behov for store investeringar og kostnader for fylkeskommunen. Fylkesutvalet fremjar motsegn til forslag om etablering av regional hamn NV_17 Kildn.
—————————————————————————————————————
Innsigelsen er helt i tråd med hva Askøy SV har fremholdt i saken, nå sist da Åge Rosnes fremmet en interpellasjon i kommunestyret om manglende regional forankring.